Bergen Realistforening er stolte av å presentere Kabaret Makaber, som nok ein gong inntek scena på Kvarteret. Sist dei spelte på Kvarteret var under Studentkampen 2013 i Storelogen. Denne gongen inntek dei den største scena vår, Teglverket.

Billetter kjøpes i døren.
Aldersgrense 20 år (18 med studentbevis)

Sjekk ut Facebook-eventen

Kabaret Makaber er eit ensemble som speler nyskriven musikk med tekstar på sognedialekt.

Musikken er mellom anna inspirert av tysk kabarétmusikk og visesjangeren generelt, men har òg tydeleg fotfeste i eit meir moderne formspråk henta frå rock og jazz. Tekstane kan lesast som vrengebilder av livet på bygda: Isolasjon, drukkenskap og kjærleik vert skildra med ei burlesk og makaber forteljarstemme.

Bandet har ei noko uvanleg besetning med vokal, marimba, altsax, barytonsax,
kontrabass og trommer. Marimba er bandet sitt einaste akkordinstrument, sjølv om
saksofonane i lag òg speler ei rolle som akkordinstrument. Alle instrumenta er akustiske og lydbiletet vert organisk og gjennomsiktig som følge av det.

Vokalen blandar mørke og lyse register og kombinerer rocken sin råskap med klassisk songstil som det passar seg.

Musikk og tekst er laga av Marita Vangen Bratteteig som kjem frå Lærdal i Sogn og Fjordane.

Kabaret Makaber består av: // Vokal: Marita V. Bratteteig // Altsax: Morten Norheim // Barytonsax: Svein Tore Werstad // Marimba: Torstein Åvar Sollien // Kontrabass: Alexander Lund // Trommer: Tomas Myklebust //

Spark

Spark består av søstrene Kine Kringstad og Kaja Venge, Katinka Nordheim Alme og Inga Andal. De synger sanger med sjel i, og kjenner seg hjemme i vise- og bluegrassjangeren, men vil helst ikke settes i noen musikalsk bås

Facebook